Tysvær folkebibliotek

Om biblioteket
Opningstider
Tilsette
Lånereglar
Nedstrand filial
Bibliotekhistoria

Skular i Tysvær

Diverse lister
DVD vaksne-barn
Video vaksne- barn
Musikk vaksne-barn
Aviser - tidsskrift
 



Tysvær kommune



 

 

LÅNEREGLAR FOR TYSVÆR FOLKEBIBLIOTEK

 Lånekort:

Alle lånarar skal ha lånekort.  Vaksne skal vise legitimasjon ved innregistreringa. Barn kan få eigne lånekort når dei har byrja på skulen. Ein av dei føresette skal godkjenne dette, og namnet til den føresette skal knyttast til lånaropplysningane om barnet.

Biblioteket kan krevje at lånekortet er med ved utlån.  Tapt lånekort blir erstatta med kr. 20.

 Utlånstid:

Bøker, tidsskrift og musikk: 4 veker

Video-/DVD og Cd-rom: 1 veke

Språkkurs: 8 veker

Biblioteket kan vurdere utlånstida individuelt i særskilte høve/i særskilte periodar..

 Lånemengde:

Bøker/tidsskrift/musikk: ikkje avgrensa tal.

Video-/DVD:  ikkje avgrensa tal.

Cd-rom og språkkurs: 1

Registreringa kan ikkje ettersporast til lånar etter at materialet er innlevert. Ein del bøker og oppslagsverk er ikkje til utlån.

 Tilgang til publikums-maskinene:

Maskinene kan brukast til internett, Cd-rom og tekstbehandling. Kvar brukar kan disponere maskin ein halv time i gongen. Tida kan utvidast dersom ingen andre ventar.. Utskrift frå internett: kr. 2 pr. svart/kvitt side, kr. 5 pr. side med fargetrykk.  Kjøp av diskett for kopiering frå internett: kr. 5.  Det er ikkje høve til å bruke eigne diskettar, cd-rom, DVD eller Cd-plater i maskinene.

 Låneretten er ikkje avgrensa til dei som bur i Tysvær kommune, men er eit tilbod til alle som bur i landet. 

 Fornying av lån kan vanlegvis gjerast inntil 3 gonger når ingen andre ventar. Normal fornyingsperiode er 28 dagar, for filmane 7 dagar.

 Reservering av utlånt materiale kan gjerast utan kostnad for lånaren. Biblioteket gjev melding når materialet er tilgjengeleg.

 Forespørslar som ikkje kan dekkjast frå eigne samlingar eller frå internett: Biblioteket samarbeider med andre bibliotek om innlån av bøker/kopiar av artiklar, utan kostnad for lånarane. Ved innlån frå utlandet skal lånaren dokumentere ei særskilt interesse. Biblioteket gjev melding når materialet er tilgjengeleg. Tilsvarande ordning gjeld ikkje for andre media.

 Varsel på materiale som er ute over tida:

Det blir sendt inntil tre varsel på utlån over tida.

Varslingsgebyra er for tida:

Eitt varsel: kr. 25

To varsel: kr. 50

Tre varsel: kr. 75

Øvre grense for varsel: kr. 150

Varsel blir vanlegvis sendt 14 dagar etter leveringsfristen er ute. Reservert materiale som er ute over tida blir varsla umiddelbart etter forfall. Slike varsel blir det ikkje kravd gebyr for.

Lånarar med uteståande gebyr kan sperrast for vidare lån til gebyret er betalt.

 Erstatning av tapt materiale:

Erstatningssummen tek utgangspunkt i innkjøpsprisen. I særskilte tilfelle kan biblioteket fråvike denne prisen. I tillegg kjem eit gebyr på kr. 100 . Gebyret må betalast sjølv om materialet blir levert.

Rekningar som gjeld utlån til umyndige personar, blir sende til føresette.  Lånarar som har uteståande rekningar, blir sperra for vidare lån.

 
 
 
 
 



Hovudside   |   Søk i katalogen   |  Opningstider  |   Ut på nettet  |  Kontakt oss
 Biblioteket: Tlf.: 52 75 75 40 Fax: 52 75 75 01 Post: Tysværtunet, 5575 Aksdal E-post: folkebibl@tysver.kommune.no