Hausten 2008 opna det nye
kombinasjonsbiblioteket ved
Nedstrand barne- og ungdomsskule i romslege, lyse og nyoppussa lokale.
Kombinasjonsbiblioteket utgjer summen av folkebibliotek og
skulebibliotek, noko som gjev eit utvida tilbod for alle
brukarar av biblioteket.

Elevane kan ordne utlåna via
eigen utlåntsterminal når biblioteket ikkje er bemanna.
Det kjem
fraktrute frå hovudbiblioteket i Aksdal kvar veke, og me låner frå andre bibliotek dei bøkene me
ikkje har sjølve. Biblioteket har eit godt utval av romanar, fagbøker,
krim og spenning for både vaksne og barn. Me har tidsskrift,
lydbøker, musikk og film. I tillegg
har me bøker på engelsk, ei
samling med lokal litteratur og ein publikums PC knytta til
internett.
Tlf :
52758421 E-post:
randi.pedersen@tysver.kommune.no
Opningstider : Onsd : 16-19 Fred :10-15
I tillegg til vanleg opningstid har skulen 11 t pr veke der
biblioteket og er betjent.
|