 |
 |
 |

Viktig informasjon før skulebesøk i biblioteket!
Biblioteket er glad for å få
elevar på besøk, og oppfordrar skulane til å tenkje bibliotek,
gjerne kombinert med annan aktivitet i Tysværtunet same dag. Opplegget
kan variere,-det avtalast gjerne med skulen frå gong til gong.
Varighet frå 20-30 min -1 time avhengig av alder og innhald.
|
Planlegging :
Ta kontakt i god tid. I periodar kan biblioteket sin kapasitet vere
avgrensa, eller bøkene de ynskjer utlånt. Vi kan legge av bøker,
eller lage ein bokkasse til klassen. |
Lånekort:
Føresette skal godkjenne ved underskrift at barnet får lånekort. For
at vi skal kunne gjere klar lånekorta før elevane kjem, må vi ha
skjema med underskrift seinast 3 dagar før besøket.
|
|
Ha eit mål
for besøket, td eit emne, og fortel helst biblioteket om det på
førehand, slik at vi kan
gjere event tilpassingar.
|
Ver til stades
for elevane. Utbyttet av besøket vert større når lærar kan gje
assistanse og svare på
spørsmål
undervegs.
|
Besøket kan t.d. omfatte
-omvisning i biblioteket
-orientering om tilboda våre
-bokprat eller høgtlesing
Det er og viktig at elevane får tid til å utforske biblioteket på
eiga hand.
For større elevar kan vi og
-informere om tilbodet ein finn på biblioteket sine nettsider, og
-gje meir infomasjon om korleis samlinga er ordna.
|
|
|
 |
 |
 |