Tysvær folkebibliotek
 

Klikk og sjå kva som skjer på biblioteket akkurat NÅ!
Er du nysgjerrig? Her ser du kva som skjer akkurat nå i biblioteket.


Safarisøk
-spennande biletsøk for barn-

 


bildeAktuelt nå: Utstilling: Før i tidå....
Me har leita fram lokalhistoriske bøker frå både Tysvær og Rogaland. Bli kjend med di nære fortid! Saman med utstillinga finn du og informasjon frå Tysvær historielag og invitasjon til nye medlemmer.
Hugs og at du nå enkelt kan søke sjølv i gamle bilete frå Tysvær! Ca 800 lokal-historiske bilete frå Tysvær ligg ute på nettet. Gå direkte til søkesida eller få meir informasjon her.


NLB (Norsk Lyd-og blindeskriftbibliotek) er eit bibliotek som produserer og låner ut studielitteratur på lyd. Alle som har problem med å lese vanlege bøker kan låne, -anten det er dysleksi, synsvanskar eller andre forhold som er årsaka. Tilbudet er gratis og gjeld for studentar på universitet, høgskole og fagskole. Les meir her!

Gamalt nytt! Med hjelp av den nye digitale avistenesta frå Nasjonalbiblioteket,- www.nb.no/aviser kan du nå søke gjennom gamle årgongar av Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Trønder-Avisa og Budstikka. NB! Tenesta får du berre tilgong til via biblioteket,- me hjelper deg med pålogging og søking.

 


Bli tilhengjar av biblioteket på Facebook! Du vil få meldingar om arrangement, nye bibliotek-tilbod, og aktuelle boktips. Inviter gjerne med deg venner, slik at sida blir eit levande forum for alle som er glad i biblioteket!


Er det bøker du saknar i samlinga vår? Biblioteket vil gjerne ha dine tilbakemeldingar og ynskje! Bruk skjemaet under "Kontakt oss" i MappaMi eller send ein e-post til folkebibl@tysver.kommune.no

SMS-varsling : Alle som har registrert mobilnr sitt hos biblioteket kan få ein sms når reservert materiale er klart til avhenting. Kjapt og greit,-for deg og for oss. Tenesten må aktiverast, enten av lånaren via MappaMi, eller i skranken i biblioteket.



Norsk bibliotektransport fraktar bøker mellom biblioteka i Norge, og gjer at du kan låne og levere på kva bibliotek du vil. Då er det lurt å ha eit nasjonalt lånekort som fungerer på alle bibliotek,- spør på biblioteket, så lagar vi eit til deg. (Alder 18år)


Utstillinga "Reisen til Amerika" har inngong frå biblioteket, og er no gratis! Gjennom ulike kulisser fortel utstillinga historia om søskenparet Sigrid og Ole si ferd frå Noreg til Amerika i 1892, og om livet deira der. Sjå og den flotte nyrestaurerte Tysvær-fana som kom tilbake til heimkommunen frå USA 17.mai 2009.


Hugseliste med titlane du vil låne seinare

HuskelisteVisste du at du kan legge inn ulike titlar du vil ta vare på til seinare i di eiga hugseliste? Her kan du f.eks legge inn bøker som du ynskjer å lese ein annan gong. Hugselista er ein del av nettenesten vår - MappaMi - og forutset at du er registrert som brukar av den. Den er eit godt alternativ til gule hugselappar - prøv den!

Slik går du fram:
1. Finn boka, filmen eller musikken i basen vår. Vel Lagre denne i hugselista mi (du vert beden om å logge deg inn i MappaMi viss du ikkje alt er innlogga)
2. Nå er du inne på di eiga hugseliste
3. Herfra kan du reservere tittelen når du måtte ønske det
4. Du kan og legge til titlar som ikkje finns i biblioteket - eventuelt foreslå at titlen vert kjøpt inn.

NB! Hugselista må ikkje forvekslast med reserveringar.


Biblioteket er ein viktig medspelar for stadig fleire elevar, lærarar og studentar. Vi kan m.a. hjelpe deg med stoff til prosjektarbeidet, gi lesetips eller skaffe innlån av spesiell faglitteratur. Bruk oss du og!

Skal du skrive litterært særemne? Sjekk tips-sidene
hos Stavanger bibliotek

 
BIBSYS emneportal :
Viktig nettressurs for deg som tar høgare utdanning.

Lekselesing: -Biblioteket er ein bra stad å gjera lekser.  Kvar dag!  Gode nettstader i skule og lekse-samanheng:

      


Forleng lånetida sjølv og få meldingar som e-post! Mappa mi : Forny låna dine og reserver bøker sjølv
 

Søk i biblioteket si samling

Hovudbiblioteket ligg i hjarta av Tysværtunet kulturhus.
 
 
 
 
 
Biblioteket har ein filial i Nedstrand,  depotsamlingar fleire stader og oppsøkande verksemd. I Tysværtunet finn du óg badeanlegg,  idrettshall, kafé og aktivitets og omsorgssenter for eldre og sterkt funksjonshemma. Utstillinga Reisen til Amerika har inngang i biblioteket. Biblioteket har og førehandssal av billettar for arrangementa i kulturhuset.
 

U T  I  V E R D E N
Biblioteket sine lenker til gode boksider
 
 


Hovudside  |   Søk i katalogen  |   Opningstider  |   Ut på nettet  |  Kontakt oss
Tlf.: 52 75 75 40  Post: Tysværtunet, boks 14, 5575 Aksdal E-post: folkebibl@tysver.kommune.no