|
Velkomen til biblioteket
Hovudbiblioteket
ligg i hjarta av
Tysværtunet kulturhus.
Biblioteket har ein filial i Nedstrand, depotsamlingar fleire
stader og oppsøkande verksemd.
I Tysværtunet finn du óg badeanlegg, idrettshall, kafé og
aktivitets og omsorgssenter for eldre og sterkt funksjonshemma.
Utstillinga Reisen til Amerika har inngang i biblioteket.
Biblioteket har og førehandssal av billettar for kulturhuset.
Aktuelt nå: Biblioteket
inviterer til
Forfattarkveld
med besøk av
Lars O.Seljestad
måndag 5.des. kl.19.30
Debutboka hans "Blind"
som kom i fjor fekk ei strålande mottaking både i pressa og
hjå publikum. Temaet i boka er klassereiser, og store
deler av handlinga er lagt til Odda, der og forfattaren
hadde oppveksten sin.
Vi får også besøk av
Ragna Flotve frå Sveio. Ho vil presentere den vakre
diktboka "Framtida
ligg bada i fargar" som ho har skapt saman med
biletkunstnar Roald Tellnes.
Gratis inngong- sal av kaffi og litt å bite i.
Hugs også:
Til glede for mange har vi nå fått bankterminal, så neste gong
du skal hente billettar hos oss, må du gjerne betale med kort
Tips : Når du er innom
biblioteket- hugs å ta ein kikk på bokutstillingane vi til ei
kvar tid har ståande. Her presenterer vi bøker vi syns er
spesielt verd å ta med seg.
Lekselesing:
-Biblioteket er ein bra
stad å gjera lekser. Kvar dag! Gode nettstader i
skule og lekse-samanheng:

|