La oss bygge Bibliotheker!

Glimt av Tysværs bibliotekhistorie gjennom 200 år (1)

Av Aud Jorunn Farstad

 

1800-talet

"La oss bygge Bibliotheker ligesaavel som Kirker udover Landet, det betaler sig. Betaler sig i øyets Intelligens og Arbeidskraft blant Folket,

i bedre Sæder og lysere og sundere liv."

Hans Tambs Lyche i tidsskriftet Kringsjaa i 1890.

Byrjinga

Initiativet til det første biblioteket i Tysvær kom frå "norsk kirkehistories største skurk" (2). Han heitte Peder Hansen og var biskop i Kristiansand stift, som også Rogaland var ein del av. Det tvilsame ettermælet har han fått frå folk som sympatiserte med haugianarane. Biskopen var nemleg den første som gjorde styresmaktene i København merksame på det han meinte var den skadelege verksemda til Hans Nielsen Hauge og tilhengarane hans. Noko som medverka til at Hans Nielsen Hauge vart arrestert. Men, som det ofte er når historia har malt nokon anten svart eller kvit, er ettermælet ikkje heilt rettvist. Peder Hansen hadde rett nok ikkje mykje til overs for pietismen. Derimot var biskopen ein framstå-ande representant for opplysningsteologane – dei som vert kalla potetprestane - ivrig etter å sivilisere både folk og land og løfte det ut av overtru og gamal (u)vane. Han var biskop i Norge berre frå 1799-1804, men på den tida rakk han å ta initiativ til både skular og leseselskap i stiftet. I 1799 søkte han, og fekk, 100 riksdalar frå staten til "…Bøgers Anskaffelse eller hvilket andet hensiktsmæssigt Brug Deres Højærværdighet maate finde for got" (3). Det var den første statlege løyvinga til bok-samlingar berekna på den norske bondeklassen. Og alt året etter var ein i gang både i Sjernarøy sokn og i Skjold. To år før hadde ein privatmann i Volda på Sunnmøre gjort boksamlinga si til offentleg bibliotek, det første i Norge. Rogaland var altså ikkje langt etter. Her var det berre Lund og Klepp som var tidligere ute enn Skjold og Sjernarøy, medan leseselskapa i Finnøy, Hå, Lye, Rennesøy og Hjelmeland også vart starta i 1800 (4).

Leseselskapet

Den andre juni 1800 var nokre menn samla på garden Nedre Eik på Kyrkjøy. Der skipa dei Selskabet til Oplysnings og gode Sæders Udbrædelse i Stiernerøe Sogn  (5). Den gongen var Nedstrand og ein del av dette soknet, og presten budde i Hinderåvåg. Vedtektene for leseselskapet var truleg sette opp av biskopen, og dei vart lesne opp på det første møtet. Vedtektene kjenner vi ikkje lenger, men kvart medlem skulle betale ein viss sum i året for å få tilgang til dei 24 bøkene. Bortsett frå to, som var komne inn som gåver lokalt, hadde truleg biskopen kjøpt inn dei andre bøkene frå København. Det var ikkje flust med bokhandlarar i Norge på denne tida.

Det var 28 medlemar i leseselskapet, sju av dei kom frå den delen av soknet som no er Tysvær kommune, frå Nedstrand.

Ser vi på bøkene var det ikkje akkurat lettare underhaldningslitteratur som prega lesnaden i selskapet. Her skulle ein få nye kunnskapar eller verte religiøst eller moralsk formana. Likevel, når ein tenkjer på kor få bøker som vart utgjevne på denne tida, er det ei variert liste med songar, bøker om hagebruk og anna landbruk, om mennesket sin anatomi og psykologi. Andre hadde ulike innfallsvinklar til det religiøse livet.

Kven las?

Dei sju medlemane frå Nedstrand var presten sjølv, Morten Henrich Magnus, futen Conrad Bredrup, landhandlar og vertshuseigar Hans Christoffer Langballe, lensmannen Anders Anderson Bielland og medhjelparen hans Ole Torgersen Helle, bonden Johannes Larson Elfarvik og kyrkjetenar og lærar Knud Michaelsson Bredahl. Sjølv om det var stor klasseskilnad mellom presten og klokkaren/læraren, så ser ein at det var menn (kvinner var sjølvsagt heilt utenkjeleg!) med ein viss posisjon i samfunnet som var medlemar i leseselskapet. Det hadde ulike grunnar. Medlemane skulle ha tid og interesse, dei skulle kunne betale den årlege avgifta, – og dei skulle kunne lese.

Dette siste var ikkje sjølvsagt for alle nordmenn for 200 år sidan. Rett nok hadde ein hatt ei lov om offentleg skulevesen i landet sidan 1739. Målet var at alle innbyggarar i landet skulle kunne lese og tileigne seg kristendomskunnskap før dei vart konfirmerte. Men standarden på skulegangen var mange stader ikkje noko å skryte av. Lærarane var dårlege, hadde låg status og vart ofte ikkje lenge i jobben. Mange foreldre såg seg heller ikkje tente med å vere utan barna si arbeidskraft. Heilt fram til slutten av 1800-talet var det omgangsskule. Læraren reiste rundt i skulekrinsen sin og heldt skule i ulike heimar. Vinteren 1814-15 hadde ein av lærarane i Nedstrand 32 elevar mellom 6 ½ og 15 år. Elevane fekk frå tre til fjorten dagars skule det året. Det seiest at alle lærte å lese. Den andre læraren i Nedstrand hadde 12 elevar i krinsen sin. Dei fekk frå ei til to vekers undervisning same året (6). Dei fleste barna lærte nok kanskje å lese med ein slik skulegang, men det er vel heller usikkert kor godt dei las og kva for tekster dei tok fatt på. I alle høve kunne barna ikkje skrive. Ja, fleire av lærarane kunne det heller ikkje! (7) Tilgangen til bøker var slett ikkje god i dei fleste heimane. Spesielt var det ikkje mykje tid til å sette seg ned med bøkene. Med eit slikt utgangspunkt er det ikkje truleg at det var mange i tysværsamfunnet som med utbytte kunne tileigne seg såpass avanserte tekster som det bøkene i leseselskapet baud på.

Skulesituasjonen vart betre utover på 1800-talet, både av di det kom fleire viktige skulereformar og nye lover og av di velviljen vart større mellom folk flest. Men det gjekk seint og med store vanskar (8).

Korleis gjekk det med leseselskapa?

Vi veit ikkje mykje meir om korleis det gjekk med desse første leseselskapa. I protokollen for leseselskapet er det ikkje skrive noko meir før nesten seksti år etter stiftinga. Det er likevel truleg at selskapet var i verksemd i mange år. Det var i alle høve ikkje gløymt i 1836, sjølv om prosten det året meinte at biblioteket var "ubetydeligt". Lesehugen var likevel så liten, meinte han, at det ikkje var nokon grunn til å støtte boksamlinga (9). Samstundes kunne han opplyse om at den like "ubetydelige" boksamlinga i Skjold, mest ikkje vart nytta i det heile. Kva for grunnar folk kunne ha for si manglande interesse skreiv ikkje prosten, sjølv om han meinte at opplysningsnivået hjå almuen hadde vorte betre dei siste åra. Men ti og tjue år seinare (i 1846 og i 1854) var det kome inn eit nytt moment. Den religiøse vekkjinga hadde gjort folk uinter-esserte i dei gamle boksamlingane: "Anden Kundskab end den religiøse – denne da kun og under en viss form – sæddes liden eller ingen Pris paa, ja ansees af de og deres Disciple som bortledende fra det ene fornødne…", skreiv t.d. presten i Skjold i 1854 (10). Slike innvendingar mot enkelte bøker og andre slag "timeleg" underhaldning må svært lenge ha vore ei bremse både for lånarar og for kva for bøker som vart kjøpte inn (11)

Statlege initiativ

Det var ebbe og flo også i staten si interesse for folke(almue)boksamlingar, og dette spegla seg ofte av i dei initiativa som kom lokalt. Frå sjølvstendet i 1814 og til 1830-talet viste staten inga interesse for slike boksamlingar i landet. Alle initiativ stod og fall på privatpersonar sin innsats, glød og økonomiske evne. Slikt engasjement er viktig, men gjev ikkje kontinuitet i arbeidet. I 1830-åra kom det sterke initiativ både frå einskildpersonar som Henrik Wergeland og frå Selskab for Norges vel. Ikkje minst kom det frå Stortinget, der ein i 1837 hadde fått gjennom formannskapslova og dermed gjeve lokaldemokratiet ein vekstgrunn. Bonderepresentanane på Stortinget var positive til folkebibliotektanken og i 1839 vart det gjeve 2000 spesidaler til fordeling mellom dei biblioteka som alt var danna. Haugianarane på Stortinget tala varmt for saka, men kom samstundes med hard kritikk av dei samlingane som vart skipa av biskop Peder Hansen (12). Den positive haldninga i Stortinget og løyving av pengar førte til ei oppblomstring for folkebiblioteka i landet i 1830-åra. Men det vanskelege var at det ikkje vart gjeve årvisse summar. Fleire år vart det ikkje gjeve noko i det heile. Den lengste perioden uten pengar var frå 1864 til 1876. Etter det vart biblioteka tilgodesett med årvisse summar (13).

I dei magre åra vart likevel ikkje bibliotektanken gløymt. Bladet Folkevennen, der den store sosiologen Eilert Sundt vart redaktør, heldt ideen varm, brennande oppteken som Sundt var av eit rasjonelt og opplyst folk. Som redaktør samla han inn alle slags statistiske opplysningar om biblioteka i landet. Ja, bladet sette jamvel opp lister over dei bøkene dei tilrådde biblioteka å skaffe seg. På dei mange reisene sine oppsøkte han samlingane og gav råd. Og sist, men slett ikkje minst, som statsstipendiat tett knytt til Kirkedepartementet, hadde han stor innverknad på korleis ein der tenkte om bibliotek.

Lokale verknader

Det som skjedde eller ikkje skjedde på sentralt hald i landet, hadde sjølvsagt innverknad på dei lokale tilhøva. Som vi har sett er det ikkje mange spor etter korleis det gjekk med leseselskapa etter stiftinga. Typisk nok høyrer vi ikkje noko før på 1830-talet. Heilt i tråd med det som (ikkje) skjedde elles i landet. Dei geistlege tilsynsmennene gav, som vi har sett, ikkje særleg oppløftande bodskap om korleis det stod til.

For dei små spirene til bibliotek i Kristiansands stift er det truleg at haugianarane si negative haldning til biskop Peder Hansen sine initiativ til leseselskap hadde verknad. For skulle ein gje pengar til bibliotek som alt var stifta, var dette svært ofte leseselskap som var initiert av Peder Hansen. Prestane på si side, som ofte verken forstod eller støtta haugianarane, hadde tilsyn med biblioteka. Når dei ikkje såg mykje vilje eller lesehug hjå almuen, rådde dei frå å bruke pengar på dei biblioteka som alt fanst. Slik prosten gjorde for Nedstrand og Skjold. På den måten kom ein inn i ein vond sirkel der prestane og også seinare dei folkevalde, ikkje oppfatta nokon interesse mellom folk og difor ikkje bygde ut tilbodet. Samstundes er det ikkje rart at interessa i "almuen" ikkje var stormande når det t.d. aldri kom inn nye bøker.

Andre forsøk

Trass i desse problema vart det gjennom 1800-talet likevel teke fleire nye initiativ til bibliotek i ulike delar av det noverande Tysvær kommune. Det første kom i Nedstrand i 1858 (14). Ei gruppe med presten i spissen samla seg og danna eit almuebibliotek for Hinderå sokn. Ikkje mindre enn 40 medlemar vart det som forplikta seg til å betale 12 skilling i året. Året etter fekk biblioteket statsbidrag på 25 spesidalar til å kjøpe bøker for. Bøkene tok dei ut etter lista som Eilert Sundt hadde sett opp i Folkevennen. Det lokale kommunestyret spytta ikkje i kassa, men stilte med to representantar som skulle føre tilsyn med biblioteket, slik føresegnene frå staten var. Kyrkjetenar og lærar Lars N. Ohm fekk det daglege ansvaret for boksamlinga, og det ser ut til at han også hadde ho heime hjå seg. Samlinga var på 87 bind.

Men – det låg i korta - pengane frå staten var ein eingongssum og kommunestyret såg ikkje ut til å ha vore interessert i å legge pengar i boksamlinga. Kvar skulle ein få så mykje pengar frå at det monna når ein skulle fornye bokutvalet? Eit utlån på 400 bøker i 1860 vart nesten halvert, til 250, året etter, og dei tre i bibliotektilsynet kunne berre seie seg leie for at "Indtægterne ikke tillades at anskaffe flere Bøger." I 1862 hadde dei ikkje meir enn eitt bind meir enn da dei starta, og i 1868 var det berre ein person som framleis betalte den årlege kontingenten.

Tredje forsøk

I 1872 tok ein ny prest opp igjen spørsmålet om biblioteket. Interessa var laber. Han hadde både prøvd å samle folk til eit møte om saka, og han hadde teke same emnet opp på eit bondevenmøte – til inga nytte. Kvifor? Presten meinte biblioteket kanskje ikkje hadde vore så heldig i innkjøpet av bøker første gongen, men viktigare var nok at det ikkje kom inn nye bøker. Dessutan nemnde han ein interessant faktor til – nemleg avisene. Etter at folk byrja lese aviser, tok det kanskje opp den tida som ein kunne bruke til lesnad, trudde presten. Han gav likevel ikkje opp, men samla bibliotekstyret. Korleis skulle ein få nytt liv i biblioteket? Nye bøker måtte til, men ikkje kunne ein vente pengar frå staten og ikkje frå kommuna, og eigne pengar hadde biblioteket slett ikkje. Tvert om hadde dei ei uoppgjort rekning frå 1862 for innbinding av bøker! Dei vart einige om å skrive til naboherad der dei kanskje hadde bibliotek og foreslå ei byteordning samlingane i mellom. Dette ser det heller ikkje ut til at det vart noko av.

Truleg var det også for Tysvær herad eit initiativ til bibliotek om lag 1860. I 1878 prøvde ein nok ein gong (15). Det verkar som om den samlinga var basert på bøker ein hadde fått i gåve. Her vart det og tungt å drive. Hovudproblemet var naturleg nok at dei ikkje hadde pengar til å fornye samlinga. Både i 1883 og i 1890 avslo formannskapet å søkje statsløyving til biblioteket. Fleirtalet meinte at den eigenandelen kommuna sjølv måtte ut med for å få statsstøtte, vart for mykje. Ein fekk vente til det vart meir utlån på dei bøkene samlinga alt hadde. Det vart elles sagt at det var for få religiøse bøker i Tysvær almueboksamling.

Også i Skjold herad vart det på slutten av hundreåret gjort eit nytt for-søk på å danne bibliotek. Vi veit at heradet løyvde fem kroner til det i 1886 (16).

Initiativ frå nytt hald

Alle forsøka på å få til offentlege boksamlingar hadde til no kome frå prestar. Det er ikkje rart. Dei var lenge dei einaste utdanna personane i norske bygder. Dei budde jamt spredt over heile landet og kyrkja var ein grunnfesta institusjon som folk var vane med å lytte til. Men mot midten av hundreåret var det kome ei ny gruppe embetsmenn på landsbygda. Det var distriktslegane. I andre halvpart av hundreåret vart dei stadig fleire, og i 1860 fekk dei ei sentral rolle som leiarar i dei nye helseråda. Desse råda hadde vide fullmakter. Mellom anna skulle dei "have deres Opmærksomhed henvendt paa, hvad der kan tjene til Sundhedstil-standens Fremme og Fjernelse af de Omstændigheder, som især befordre Udvikling av Sygelighed og Udbredelse av Sygdom."(17).   Det var nok bakgrunnen for at helserådet i Tysvær herad i 1872 tok initiativ til å danne ei boksamling. Bøkene var tenkt å gå på omgang mellom folk i heradet. Det skulle vere bøker om helse i vid forstand – frå korleis ein kunne unngå å bli sjuk, til bøker om hagebruk. Altså ikkje ulikt dei bøkene som dei første leseselskapa hadde skaffa seg. To år seinare viste det seg at teikningslista aldri vart sendt ut. Ho hadde vorte liggjande i formannskapsarkivet! Men no lova ordføraren at ho skulle sendast ut. Kanskje var interessa for lita? (18) I alle høve veit vi ikkje meir om dette initiativet.

Alle gode ting er fire?

Døtrene til presten Morten Heinrich Magnus, som hadde vore med å oppretta det første leseselskapet i 1800, gav i 1880 11 bøker pluss femti kroner til biblioteket på Nedstrand (19). Men berre på vilkår av at den offentlege boksamlinga vart oppretta igjen, og at den "forøges og vedligeholdes". Det gjekk fem år før formannskapet var viljug til å gå inn på dette vilkåret. Men etter tredje gongs handsaming i formannskapet fekk samlinga eit tilskot på femti kroner i 1885. For første gong, nesten hundre år etter at det første forsøket på ei offentleg boksamling vart gjort, tok altså lokale styresmakter på seg ansvar for at bygdefolket skulle ha tilgang til bøker.

Dei bøkene som framleis var brukande frå det gamle biblioteket vart innlemma i det nye og nokre nye vart kjøpte inn. Lærar Digernes tok på seg ansvaret for bøkene, og samlinga skulle vere på skulen. Dei til saman 80 bøkene var det 500 utlån på det første året.

Det hangla og gjekk med økonomien for dette nye biblioteket også. I 1887 fekk ein rett nok statstilskot på 90 kroner, men så kom nokre magre år igjen. I 1896 fekk ein lovnad om eit årleg tilskot frå heradstyret på 25 kroner. Det gav også rett til statstilskot.

Dette biblioteket vart drive til 1905. Så måtte ein gje opp nok ein gong.

Korleis verka biblioteket?

Både for det første leseselskapet i Sjernarøy i 1800 og for biblioteket i Nedstrand i 1859 er boklistene tekne vare på. Men meir interessant enn det som vart kjøpt inn, er sjølvsagt kva som vart lånt ut. Heldigvis har ein utlånsprotokoll frå 1800-talet overlevd. Utlånsprotokollen for bibli-oteket på Nedstrand vart brukt både i 1860-åra og etter at biblioteket vart teke opp att i 1885. Sjølv om utlånet slett ikkje var dårleg dei par tre åra tidleg på 1860-talet, så speglar rekkjene med namn eit mykje større utlån i 1880-åra. Det er heilt i samsvar med utviklinga i landet elles. I dette tiåret kom gjenombrotet for det ein kan kalle norsk masse-lesnad. Folk hadde betre skulegang, og det var fleire bøker på marknaden. Ein skal heller ikkje gløyme slikt som at folk hadde fått parafinlampar i heimane og at det difor vart lettare å lese utover kveldane.

Dei mest ettertrakta bøkene på Nedstrand var historie- eller reiseskildringar frå fjerne land, eventyrsamlingar eller romanar med spennande handling. Fleire av bøkene har overlevd fram til i dag og er framleis å finne på Tysvær folkebibliotek, som til dømes Onkel Toms hytte. Romanen kom ut i USA i 1852, og var ei av dei mest populære bøkene på biblioteket i Nedstrand frå 1860. Denne skildringa frå sørstatane i USA fór over verda som ein grasbrann og førte til at mange kvite endra syn på slaveriet. Den må sikkert ha skaka mange i Nedstrand også. Elles finn vi bøker som Ivanhoe, Robinson Crusoe og Den siste Mohicaner. Men også Bjørnson og Jonas Lie sine romanar var godt likte mellom lånarane. Derimot vart Luthers bordtaler aldri nokon hit i Nedstrand. Israels historie i fem bind hadde berre ein lånar gjennom desse åra, og han gav seg etter eitt bind.

Det er berre vaksne lånarar i registeret, og nesten berre menn. Men ein kan trygt rekne med at mange barn las desse bøkene når dei først var komne i hus. At det var flest menn, tyder sjølvsagt ikkje at kvinnene ikkje las. Det var berre skikken at husbonden i familien stod som medlem. Likevel ser ein mot slutten av hundreåret at det er fleire kvinner som låner i eige namn.

Ei oppsummering

1800-talet la grunnlaget for folkebibliotekvesenet i landet vårt. Det vart drive fram av øvrigheitspersonar og eldsjeler som var sterkt opptekne av opplysningstida sine ideal. Dei ønskte seg framgang for landet og da måtte ein ha eit opplyst folk med kunnskapar om verda og om korleis dei sjølve kunne handle for å betre sine kår. Kamp for betre skule og for bibliotek var to sider av same sak. Det var forskjell på dei første pionerane også, frå biskop Peder Hansen og presten Magnus si noko overlegne faderlege haldning til sine soknebarn og til Henrik Wergeland sin meir klassemedvitne agitasjon; "Boghylden er den Stige som fører til at blive Overmandens lige" (20). Men for alle desse pionerane var bøkene eit middel til foredling av menneska slik at lesnaden kunne bli til gagn for dei sjølve og til nytte for landet.

Bibliotekveksten gjekk ikkje fort, og den gjekk i bylgjer. Biskopen i Kristiansand stift tok eige initiativ mest tretti år før den unge norske staten tok sitt første krafttak i slutten av 1830-talet. Med løyvingar frå staten vart det vekst i folkeboksamlingane i det tiåret, mestedelen av veksten skjedde på Austlandet (21). Derimot ser interessa for biblio-tek-saka ut til å ha stagnert på våre kantar av landet. Prestane kunne melde om lita interesse for dei gamle boksamlingane frå leseselskapa. Kvifor? Kanskje biblioteka mangla eldsjeler? I alle høve var det ikkje mykje entusiasme mellom prestane som uttalde seg. Religiøs motvilje må og ha spela ei ikkje lita rolle. Haugianarane oppmuntra sine til å lese, men det var ein annan slag lesnad enn det leseselskapa representerte. Sjølvsagt må det ha vore svært viktig at dei lokale heradstyra ikkje var opptekne av saka. Bøndene på Stortinget var positive, men den velkjende sparepolitikken i dei vestlandske amta fekk innverknad også på bibliotekfeltet ser det ut til. Hadde det ikkje vore for at staten gav pen-gar til det nye biblioteket på Nedstrand i 1860, ville dei ikkje kunne ha starta det. Interessa mellom folk var stor, så biblioteket døydde utan tvil av mangel på pengar til å fornye samlinga. Ikkje før på slutten av hundreåret byrja heradstyra gje pengar til dei lokale boksamlingane og sjølv då sat avgjerda langt inne. Tre gonger måtte det opp i heradstyret i Ned-strand før det i 1885 vart løyvd dei naudsynte pengane til å få biblioteket i gang igjen. Dei fem kronene som gjekk til biblioteket i Skjold i 1886, vitnar heller ikkje om overveldande engasjement mellom dei folkevalde.

Det er godt mogleg å tenkje seg at interessa mellom folk for å låne bøker – i alle høve dei siste førti åra av 1800-talet – var større enn styresmaktene si interesse for å løyve pengar til samlingane. Den vel dokumenterte utviklinga på Nedstrand kan tyde på det. Hadde biblioteket bøker som folk var interesserte i å låne, og hadde ein pengar til å fornye samlinga, så kom lånarane.

Det er elles typisk at den verkelege interessa for biblioteksaka lokalt først kom på slutten av hundreåret. Landet vårt hadde ei rivande utvikling dei siste femti åra av 1800-talet. Fleire store skulereformer hadde mest utrydda analfabetismen fram til 1900. Frå midten av hundreåret kom det også fleire og fleire aviser. I 1850 var det 40 aviser i Norge (22), og i 1918 var det 280. Det vart meir og meir vanleg at folk las, og dei var vane med å lese ulike slag tekster. Bokproduksjonen i Norge vart også stadig større, og det vart gjeve ut mange fleire bøker om heimlege tilhøve. Det er klart dette måtte ha innverknad på interessa for bibliotek!

1900-talet

Nok ei eldsjel prøver seg

I 1920 kom den 25 år gamle læraren Lars Myhre til Nedstrand. I skulen fann han dei sørgelege restane av eit bibliotek som hadde vore utan tilsyn og styre sidan 1905. Mange bøker var borte, andre var så gamle og slitne at dei var ubrukelege. Trass i at den unge læraren visste at "tidene ikkje er dei beste", gjekk han i 1923 på med friskt mot for å få biblioteket på føtene igjen.

I 1931 var det ein meir desillusjonert mann som oppsummerte. Då dei sette i gang hadde dei fått pengar både frå Nedstrand songarlag, frå ungdomslaget og frå Losje Strandhogg. Gjennom åra hadde det og blitt ein liten sum frå heradstyret og ein noko større sum frå staten. Men dei siste tre åra hadde dei ikkje fått pengar frå nokon kant, og det var nok ikkje heilt utan bitterhet Lars Myhre skreiv at "Lærar Myhre har i desse åra vore formann i styret, kasserar og bibliotekar. Bibliotekararbeidet har han gjort gratis. Etter departementet sine reglar for bibliotekarløn har boksamlingi desse åra spart kr. 229 ved å ha gratis bibliotekar".

Men ein hadde i alle høve sanert det gamle biblioteket og fått nye bøker inn. Samlinga var på 171 bind då dei måtte gje opp. Det hadde vore 1598 utlån dei åtte åra dei hadde vore i drift. Elles gjev Lars Myhre interessante opplysningar om lånarane. Noko heilt nytt hadde skjedd samanlikna med 1800-talet. I Lars Myhre sitt bibliotek var lånarane nesten berre barn og unge. Dei eldre hadde vist "syrgjeleg liten interesse" for boksamlinga. Trygve Baustad, som sjølv seinare var med i bibliotekstyret på Nedstrand i fleire tiår, var ein av lånarane på dette biblioteket. Bøkene stod i hyller i skulestova, minnest han. Læraren låste opp og guten fekk låne indianerbøkene eller anna lesestoff. Trygve Baustad stadfestar langt på veg inntrykket lærar Myhre hadde. Det var ikke vanleg at vaksne folk las mykje bøker. Dei syntes vel ikkje dei hadde tid, meiner han.

Ein må gje læraren Lars Myhre honnør for at han i det heile prøvde å få til eit bibliotek i desse økonomisk vanskelege tidene. På grunn av krisa var det "kulturpause" i landet desse åra, og det fekk biblioteka merke. På vel ti år vart løyvingane over statsbudsjettet til bibliotek redusert med førti prosent  (23). Dei fleste bibliotek i landet, og særleg dei på landsbygda, streid med å halde hovudet over vatnet.

DEN LANGE MARSJEN 1935-1972

Biblioteket er kome for å bli

Det var opplagt at noko måtte skje frå staten si side om ikkje biblioteka i landet skulle verte kvalte av pengemangel, mangel på langsiktig planlegging og offentleg omtanke i det heile. I 1935 fekk så landet si første biblioteklov. Ein milestein i bibliotekhistoria. Dei dårlege økonomiske tilhøva i landet gjorde likevel at lova ikkje vart det bibliotekfolk hadde håpa på. Sjølv om alle kommunene vart pålagte å ha skulebibliotek på alle skular med over tolv elevar, var ikkje lova elles særleg forpliktande korkje for staten eller kommunene. Lova slo ikkje ein gong fast at det skulle løyvast pengar til biblioteka kvart år eller at alle kommunar skulle ha eit folkebibliotek. Men den slo fast at hadde dei eit folkebibliotek, var det kommuna sjølv som hadde ansvaret for det. Staten forplikta seg altså ikkje til mykje.

Likevel hadde det verknad. I Nedstrand kom eit nytt bibliotekstyre saman 4. januar 1935. Styret var valt av heradstyret, og for første gang var det kvinner med, Petra Kvam og Aslaug Figved. Styret avgjorde at biblioteket skulle flyttast frå skulen på Stranda til butikken til søstrene Helle i Hinderåvåg. Ein skulle bygge nytt skåp til bøkene, og søstrene Helle skulle få 25 kroner i året for å ha ansvaret for samlinga og utlånet. Dette var truleg første gong nokon fekk betaling for å ha utlånsansvaret. I reglene for utlån heitte det at berre dei som var konfirmerte skulle få låne bøker. Det var forbode å låne ut bøker til Tuberkuloseheimen eller til private heimar der det var smittsam sjukdom. Bøkene skulle elles handsamast fint og dersom ein hadde bøkene meir enn dei fastsette tre vekene lånetid, kunne ein misse retten til å låne bøker. Lånereglar og lister over bøker skulle ein legge ut i ulike delar av kommuna (24). Boksamlinga var på 191 bind. For budsjettåret 1935/36 fekk biblioteket eit statstilskot på 85 kroner og frå kommuna kom det 40 kroner. Det var ikkje mykje, og styret avgjorde at dei skulle søkje Nedstrand sparebank om pengar. Elles skulle kvart styremedlem kome med idear om kva måtar ein skulle få meir pengar til biblioteket. Ei tid kom det også pengar frå Sparebanken, men dei private bidraga til biblioteket vart aldri noko ein kunne rekne med. Skulle det eksistere, var det heilt avhengig av pengar frå dei offentlege kassene.

Diverre ser det ikkje ut til at verken utlånsprotokoll eller annan skriven statistikk, som til dømes eventuelle årsmeldingar, har overlevd. Difor veit vi heller ikkje kor mange som lånte eller kva dei lånte. I alle høve hadde ein i 1938 oppretta utlånsstader både på Neset og på Kvam i tillegg til utlånet hjå søstrene Helle i Hinderåvåg. Samlinga var no på 259 bind. Det var 998 utlån på dei 96 lånarane. Dessutan: "Katalog er utarbeidet med skrivemaskin", kunne dei stolt markere i protokollen. I 1939 meldte biblioteket seg inn i Rogaland biblioteklag.

Krig

Biblioteka i Norge fekk ei bløming under krigen, trass i at dei hadde mindre pengar å rutte med til bøker og færre bøker å velge mellom til innkjøp (25). Ja, Erling Annaniassen, som har skrive Statens bibliotektilsyn si historie, framhevar folkebiblioteka som kulturelle "åndehull" i krigsåra (26). Folk las sine norske klassikarar og vart styrka i motstandsviljen, meiner han. Men det er lite truleg at det lille biblioteket hjå søstrene Helle hadde nokon slik verknad, sjølv om lensmannen også der måtte rydde bort bøker som var på nazistane si liste over uønskt litteratur. Dei nye myndigheitene skifte ut leiaren for bibliotekstyret, lærar Johan Hovda, men kvifor veit vi ikkje. Den nye formannen var ikkje meir regimevenleg. Det står heller ikkje meir om biblioteket i protokollen før i oktober 1945 da Johan Hovda igjen vart styreleiar. Då hadde søstrene Helle sagt opp avtalen, og det ser ut til at styret hadde problem med å finne ny stad som kunne huse biblioteket. Truleg veksla dei mellom å halde til hjå søstrene Helle og i private heimar rundt om. Til slutt hamna biblioteket i alle høve i kommunehuset der formannskapssekretær Moen hadde ansvaret når nokon ville låne.

Bibliotek på sparebluss

Da biblioteklova vart revidert i 1947, vart kvar kommune i landet pålagt å ha eit folkebibliotek der utlånet skulle vere fritt for alle innbyggarane. Det var fastsette minstetakster for kommunale tilskot til bøker og bibliotekarløn. To år etter, i 1949, vart biblioteksektoren styrkt då Statens bibliotektilsyn vart oppretta. I 1955 hadde landet vårt også 15 sentralbibliotek som hadde ansvar for sine geografiske område. Sentralbiblioteket for Rogaland kom under krigen. Ved sentralbiblioteka var det tilsett ein bibliotekinspektør som skulle følgje med at lova vart halden og gje råd og veiledning til dei mange isolerte og ufaglærde bibliotekansvarlege rundt om i kommunene. I 1955 kom det og ein lovrevisjon der tilskota til biblioteka vart større. Departementet skulle godkjenne biblioteklokala. På landsbasis auka difor både engasjementet og pengebruken på bibliotekvesenet sterkt (27).

Men biblioteka kan likevel knapt seiast å ha vore noko satsingsområde rundt om i norske kommuner. Det var vel heller eit spørsmål om å overleve på knapp foring. Det var ikkje mykje penger, verken til bokkjøp, lokale eller løn til bibliotekhaldaren. Det fortel lagnaden til folkebiblioteka rundt om i det som no er Tysvær kommune. Sjølv om mange kjelder manglar (28), veit vi likevel nok til å teikne eit bilete som rett nok ikkje er heilt likt frå kommune til kommune, men som likevel har svært mange felles trekk.

Bibliotek i trange kår

I Skjoldastraumen ser det ut til at det var den bokglade gardbrukar og politikar, Olav Straum, som starta og dreiv det først biblioteket. Sviger-dottera, Gudrun Straum, som tok over bibliotekjobben etter han, fortel at han starta biblioteket i 1938 med 20 bøker og 20 kroner i året til bokkjøp. Biblioteket hadde han heime hjå seg fram til 1970 då biblioteket fekk eit rom på gamle Dueland skule. Der var ikkje gjort noka oppussing før biblioteket flytte inn, og det var svært kaldt i lokalet. Gudrun Straum hugser at svigerfaren var så kald på føtene nokre gonger at kona tok den siste timen for han slik at han kunne kome seg heim og få tint seg opp. Det var same tilstanden da Gudrun overtok jobben etter svigerfaren i 1978. Litt betra vart det då posten flytte ut av det andre rommet i skulen og biblioteket overtok der. Men likevel var tilhøva ikkje gode og lokalet ikkje godkjent etter normane som Statens bibliotektilsyn hadde sett opp. Lokala måtte midlertidig godkjennast kvart tredje år.

I Nedstrand var det ikkje betre."Bibliotekinspektøren var misnøgd med alt", fortel Trygve Baustad, som var formann i bibliotekstyret. "Lokalet i det gamle kommunehuset var ikkje bra, det burde vore utlært bibliotekar og så vidare. Det var ikkje enkelt. Skulle vi ha prøvd å gjere det etter boka kunne vi like gjerne stenge. Ingen utlærde ville ta ei så lita og dårleg betalt stilling, og der var ikkje hus å få heller før den nye skulen vart bygd."

I Tysværvåg var det ikkje mykje annleis. Kva tid biblioteket her kom i stand, har ikkje denne skribenten funne ut, men då Anna Gjerde overtok i 1958, hadde samlinga vore på Bedehuset ei tid. Dessutan hadde forpakta-ren på prestegarden hatt bøkene i eigen heim, og etter det hadde dei vore to år hjå ein annan gardbrukar. Anna Gjerde var sjølv lesehest, og ville gjerne ha jobben. På grunn av inntekta var den i alle høve ikkje noko å trakte etter. Tre hundre kroner året fekk ho for arbeidet. Ho fekk inga form for opplæring når ho starta. Opplæring fekk ho faktisk ikkje før i 1974. Først hadde ho boksamlinga inne i huset sitt der det vart bygd eit eige skåp. Mange av bøkene var gamle og mugne og lukta vondt så det vart umogleg å ha dei inne. Difor flytte ho bøkene og skåpet ut i vedskjulet. Biblioteket var i prinsippet alltid ope, folk kunne kome når dei ville. Ein gong kom det faktisk ein på sjølvaste julaften, minnest ho. Elles var det såpass få som lånte bøker at arbeidet ikkje var noka stor belastning. I to år fekk samlinga vere i eit rom i kjellaren på Førland skule. Så trong skulen rommet sjølv og Anna Gjerde måtte flytte bøkene heim igjen. I 1968 fekk dei så endeleg leige rom i eit nedlagt butikklokale i Tysværvåg.

Korleis vart biblioteka drivne?

"Det var pålagt å ha bibliotek, men det var ingen som gjorde noko for det. Det var ikkje ein blyant som høyrte biblioteket til då eg byrja," seier Anna Gjerde. "Det var liksom ein ikkje kom på at ein kunne låne bøker heller. Det var ikkje noko reklame eller slikt, mange visste sikkert ikkje ein gong om at det fanst eit bibliotek. Bibliotekstyret kom saman kvart anna år og valde ut nokre nye bøker, det var alt."

Medlemane i bibliotekstyra vart plukka ut mellom bygdefolk som var villige til å ta vervet. Det var oftast ikkje rift om det, difor vart medlemane ofte sittande lenge. Annakvart år, eller helst kvart år og nokre gonger også to gonger i året, kom bibliotekstyret saman og valde ut nye bøker til biblioteket. Ein valde bøker etter ei liste som var sett opp av dei bibliotekansvarlege i Kyrkjedepartementet. Slike sentrale boklister vart sende til biblioteka heilt fram til 1988. Dei var nok til god hjelp for både isolerte bibliotektilsette landet over og for bibliotekstyra. Listene var sjølvsagt med å bestemme kva som var lødig litteratur. Mykje underhaldningslitteratur og kriminallitteratur kom aldri med på listene. I tillegg ser det ut til at mange hadde ein mal å gå etter. Så og så mange fagbøker, religiøse bøker, skjønnlitteratur, skulle dei kjøpe inn. Det kan nok hende at det vart diskusjonar om kva for bøker ein skulle kjøpe, men stort sett ser det ut til å ha gått greitt. Kommunene heldt seg som oftast til den lovpålagde minimumsløyving til biblioteket. Det var vel ikkje akkurat så mange kronene å sloss om (29). I Nedstrand kommune vart det i 1950 sett av fire hundre kroner til folkeboksamlinga, fjorten år etter, i 1964, var løyvinga stige til sju hundre.

Ei årsmelding frå Tysvær bibliotek frå 1952/53 er representativ for korleis biblioteka på landsbygda vart drivne på denne tida. Det kommu-nale tilskotet var på fem hundre kroner og det statlege på fire hundre og nitti. Ein hadde brukt knapt tre hundre kroner til bokinnkjøp, vel tre hundre til innbinding og reparasjonar. Bibliotekansvarleg fekk hundre og femti kroner året for jobben, og elles vart det brukt vel femti kroner til forsikring og "andre utgifter". Faktisk brukte ein ikkje opp dei pengane ein hadde, men sette resten i banken. Boksamlinga var på 400 bind, og 52 av dei var komne inn det siste året. Av dei 400 bøkene var 259 skjønnlitteratur og 141 faglitteratur. Det hadde vore 865 utlån. Truleg var det fordelt på både hovudboksamlinga heime hjå bibliotekansvarleg og bonde Ottar Storhaug, og på dei ulike bokkassene rundt om i kommuna.

Slike bokkasser var ein integrert del av biblioteksystemet. Både staten og dei ulike kommunene hadde slike vandrebokkasser. Spredt busetnad, dårlege vegar og offentlege kommunikasjonar og lite privatbilar, gjorde dette systemet naudsynt dersom alle som budde i kommuna skulle få nytte seg av retten sin til å låne gratis i sitt lokale bibliotek. Også i dei ulike kommunene som no er Tysvær kommune var det slike bokkasser, Dei var plasserte på forskjellige stader i kommuna, nokre gonger i butikkar, men minst like ofte hjå privatpersonar. Bøkene vart skifta ut eit par gonger i året. I den gamle Tysvær kommune var det 9 slike kasser i 1953. Bøkene vart skifta ut 4 gonger i året, vert det opplyst i årsmeldinga. Men Anna Gjerde, som overtok biblioteket i 1958 kjenner ikkje til at det var slike bokkasser i kommuna da. Derimot var det utlånsstasjonar, som det vart kalla, både i Nedstrand og i Skjoldastraumen då Hanna Helle og Gudrun Straum byrja i 1970-åra. Ei av bokkassene på Nedstrand stod hjå kjøpmann Nesheim-Hauge på Stranda. Dei byrja med dei i 1971 og haldt fram til bokbilen tok over i 1984. Hilda Nesheim-Hauge fortel at dei hadde ca. 30-40 bøker i eit bakrom i butikken. Ein plakat i butikklokalet opplyste om tilbodet. Butikkeigarane dro sjølve til biblioteket og bytte ut bøkene med jamne mellomrom. Tilbodet var i grunnen godt besøkt, minnest Hilda Nesheim-Hauge.

I 1974 var det seks slike utlånsstasjonar i Tysvær kommune. Det vart slutt med bokkassene da bokbilen kom tidleg på 1980-talet.

Langsom profesjonalisering

Det var altså ofte ikkje lett å få plass til det lokale folkebiblioteket eller å få nokon til å ta på seg arbeidet med det. Det vart heller ikkje avgjerande skilnad etter kommunesamanslåinga i 1965. Både bibliotekstyra og biblioteka heldt fram om lag som før. I Nedstrand måtte bibliotekstyret finne ein som kunne overta biblioteket. Formannskapssekretæren, som hadde hatt ansvaret for samlinga der den stod i kommunehuset, forsvann med kommuna. Løysinga vart ein eldre rallar, Ingvald Andersen. Han hadde mist høgre handa og synet på det eine auget i ei ulukke. I staden for handa hadde han ein krok som han gjorde seg hjelpt med. Han visste plassen til kvar einaste bok og vart ikkje glad om nokon vart flytta på, fortel Hanna Helle, som overtok etter han. Dei siste åra av livet sitt budde han på aldersheimen, tett ved det gamle kommunehuset, der biblioteket framleis heldt til. Når nokon trong ei bok, gjekk han med dei frå aldersheimen til biblioteket og hjelpte låna-rane. "Les De elendige," var standardsvaret når nokon spurde etter ei god bok.

Det var mange bibliotek kring i landet som redda seg ved hjelp av personar som han. Ikkje eit vondt ord om dei - denne mannen hadde lese mykje og var nok til god hjelp for dei få som gjekk på biblioteket - men profesjonelle bibliotekfolk var dei ikkje. Biblioteklova lista i paragraf 3 opp det staten kravde for at ei kommune skulle få statstilskot til folkebiblioteket. Mellom anna skulle biblioteket ha ein bibliotekar som hadde gjennomgått eit godkjent kurs i biblioteklære. Også her måtte nok Statens bibliotektilsyn og deira inspektører fire på krava i møte med røyndomen ute i kommunene. I alle høve gjekk det mange år før dei bibliotekansvarlege fekk gå på kurs. Olav Straum tok grunnkurset i 1963, truleg som den første i noverande Tysvær kommune (30). Han gjekk og på eit tilleggskurs på Gjøvik i 1970. Men både Anna Gjerde i Tysværvåg og Hanna Helle i Nedstrand måtte vente til etter 1972 og ei ny biblioteklov før dei fekk ta grunnkurs pr. korrespondanse i 1974(31). Da hadde Anna Gjerde arbeidd i bibliotekvesenet i 16 år!

Frå 1952 var det mogleg å tinge bøker gjennom Biblioteksentralen. Her fekk biblioteka ferdig tillaga bøker med pålimt lomme på permen bak og ferdige utfylte bokkort. Bøkene kom også innbundne i slitesterke raude, blå, gule eller brune granitolbind. Ein såg med ein gong kva som var bibliotekbok. Forarbeidet frå Biblioteksentralen gjorde sjølvsagt arbeidet lettare for den enkelte bibliotekansvarlege, og det medverka til eit likt system på alle bibliotek i landet.

Bokstammen i alle bibliotek auka også jamt og trutt. Tysværvåg hadde 1104 bøker i 1961, 1451 i 1966 og 2581 i 1971. Auken vart nok større etter at Norsk kulturfond vart stifta i 1965. Da fekk alle bibliotek som hadde meldt seg på ordninga, tilsendt eit gratis eksemplar av alle nye norske skjønnlitterære bøker.

Oppsummering 1935-1970

Det er ikkje heilt urett å kalle åra frå den første biblioteklova i 1935 og fram til biblioteklova av 1972 for den lange marsjen gjennom ørkenen. Sjølv om ein på landsbasis såg at meir pengar og meir interesse vart investert i biblioteksektoren, var endringane lokalt likevel nokså små. I og for seg var det ikkje merkeleg. Før krigen var det ikkje akkurat tider for å investere i bibliotek og etter krigen var det mangt meir prekært som måtte kome først. Kultur var heller aldri noko sat-singsområde for norske kommuner, spesielt ikkje for landkommunene.

Også på 1800-talet hadde ein fått avgjerande drahjelp utanfrå til å starte bibliotek. Men viktigast var at ei eller fleire eldsjeler i bygda heldt det heile i gang. På 1900-talet var det initiativ og pålegg frå sentralt hald som tvang kommunene til å halde eit kontinuerleg bibliotekvesen. Det var ei vinning i seg sjølv i eit fattig land. Det tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje også no var naudsynt med eldsjeler og bibliotekinteresserte menneske i den enkelte kommuna. Olav Straum var ein slik ein. Før krigen drog han det vesle biblioteket i gang i sin eigen heim og heldt fram under heller kummerlege tilhøve i førti år. Alt saman ved sida av arbeidet som bonde og politikar. Han var ei tid formann i det felles bibliotekstyret i noverande Tysvær kommune. I 1978 døydde han på post på biblioteket i den gamle skulen i Skjoldastraumen.

Det er også grunn til å framheve innsatsen til alle dei som heldt dei små biblioteka i gang ved å ha bibliotek eller utlånsstasjonar i eigen heim.

Likevel – trass i at mange gjorde ein god innsats, så kan ein ikkje seie at dei enkelte kommunene viste stor interesse og forståing for at bibli-o-teka var viktige institusjonar, slik potetprestar, diktarar og politikarar hadde argumentert for i 150 år. "Folkeopplysning" i paragraf 2 i biblioteklova var sentral for heile verksemda. Denne ideologien låg i botn i det arbeidet som vart gjort på sentralt politisk hald. Lokalt ser dette ut til å ha spela ei svært lita rolla. Her ser det ut til at det viktigaste var å halde biblioteket i gang så langt mogleg etter lova. Det verkar ikkje som om biblioteket sin plass og verknad i kommuna nokon gong vart drøfta.

DET STORE SPRANGET 1972-2000

På dei siste tretti åra av det tjuande hundreåret skjedde det meir på bibliotekfronten i Norge enn det hadde gjort på dei 170 åra før. Det hadde mange grunnar. Eitt var at landet no fekk stadig veksande oljeinntekter og etter kvart også kunne koste på seg ein meir ambisiøs kulturpolitikk. Frå 1973 til 1976 kom det ikkje mindre enn tre kulturmeldingar. Kulturadministrasjonane voks og kultursjefane gjorde sitt inntog i norske kommuner. I 1972 og i 1985 kom det nye biblioteklover som sjølvsagt stilte krav og førte til endringar i dei enkelte kommunene rundt om i landet. Ein annan viktig faktor i bibliotekutviklinga var skulereformer og veksten i talet på skuleelevar og studentar i landet vårt. Frå 1960 til 1970 vart det til dømes 150.000 fleire grunnskuleelevar i Norge. Talet på elevar i vidaregåande skule vart femdobla og talet på høgskule/universitetsstudentar tredobla (32). Ein såg at utdanning, livslang læring, ville prege framtida. Her ville biblioteka måtte ha ei viktig rolle.

Nedstrand varslar den nye tida.

Igjen var det på Nedstrand dei først såg den nye tida kome. Lova om den niårige grunnskulen gjorde det naudsynt å bygge ny skule i bygda. Bibliotekinspektøren i Rogaland, Arnt Oseland, vart kjent med planane. Han skreiv brev til bibliotekstyret i Nedstrand og ba dei ta initiativ til at lokale til folkebibliotek også skulle verte inkludert i planane for skulen. I desember 1973, over 170 år etter det første bibliotekinitiativet, fekk biblioteket i Nedstrand endeleg permanente lokale i den nye skulen i Hinderåvåg.

"Det var ei anna verd," seier Hanna Helle. Ho vart tilsett i 1971 og hadde arbeidd to år på det gamle, trekkfulle kommunehuset. Hanna fekk ein lysare og trivlegare plass å arbeide, og – ikkje minst! - det vart ein kjekkare plass å kome til for lånarane. Noka ulempe var det heller ikkje at biblioteket låg på skulen. Alt saman viste seg i ein dramatisk utlånsvekst. Utlånet vart dobla frå 1972 til 1976.

Biblioteklova av 1972

Det som skjedde i Nedstrand var heilt i tråd med intensjonane i den nye biblioteklova som trådte i kraft ein månad etter at biblioteket i Nedstrand vart teke i bruk. Departementet understreka her den sentrale rolla ein meinte biblioteka skulle ha i kulturpolitikken. Nye bibliotek burde difor leggast til kultursenter eller til skular (33). Biblioteka skulle vere lokale kultursenter, ikkje "berre" formidle bøker. Dei skulle "fremme opplysning, utdanning og annen kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet." Elles auka statstilskotet til folkebiblioteka monaleg, og ein kunne få tilskot til bygging av bibliotek, ikkje berre til bokinnkjøp og løn, slik det hadde vore før (34). Dessutan skulle alle kommuner med over 8000 innbyggarar ha fagutdanna bibliotekar. Det skulle og vere eit hovudbibliotek i kvar kommune.

Trass i store ambisjonar visste lovgjevarane at Rom ikkje vart bygd på ein dag. For at kommunene skulle få tid til planlegging og til å områ seg, gav forskriftene til lova kommunene ulike alternativ å arbeide etter.

Bibliotekstrukturen i Tysvær vert lagt om

Etter kommunesamanslåinga i 1965 heldt bibliotekdrifta fram om lag som før, med eigne budsjett for kvart av dei tre biblioteka. Det einaste var at det kom eit fellesstyre i tillegg til dei lokale styra. Etter at den nye biblioteklova vart sett i verk, vart dei gamle bibliotekstyra lagde ned. Det nye fellesstyret starta straks planlegging av eit nytt hovudbibliotek slik det var pålagt etter lova. Det nye hovudbiblioteket skulle ligge i Aksdal. Her var det ikkje noko bibliotek frå før, og ein måtte difor bygge det opp frå grunnen. Kommuna voks og veksten var størst i denne delen av Tysvær. Det var naturleg at den største folkesetnaden i kommuna også skulle ha bibliotekteneste i nærleiken. I Aksdal låg allereie kommuna sitt administrasjonssenter, i tillegg til lensmann, lege, tannlege og andre kontor og tilbod.

Det nye hovudbiblioteket vart opna 7.mars 1975 i brakka som tidlegare hadde tent som kommunehus. Grunnflata var 75 kvadratmeter og biblioteket starta med tolv hundre bind. Ved opninga vart det opplyst at dei tre biblioteka i Tysvær hadde 10.300 bind i alt. Målet var 25.000. Lokalet var ikkje godkjent av Statens bibliotektilsyn for meir enn 5 år, difor hadde bibliotekstyret alt bede om at ein måtte planlegge biblioteklokale i andre byggetrinnet på kommunehuset.

Sjølv om ein no hadde fått eit hovudbibliotek som formelt hadde overordna ansvar for dei tre filialane, fortsette arbeidet mykje godt som før. Arbeidet i filialane var prega av stort sjølvstende, både på godt og mindre godt. Hanna Helle i Nedstrand byrja i bibliotekvesenet utan noka form for opplæring. Ho løyste det på sin eigen måte. Ho hadde ein son som skulle ha arbeids-veke frå ungdomsskulen. Han skaffa ho plass på biblioteket i Haugesund, og han lærte frå seg til mor si etterpå. Var ho i beit, hende det ho ringte til Olav Straum i Skjoldastraumen. Han var alltid hjelpsam. Elles fekk ho god hjelp frå fylkesbiblioteket, dit ho fekk dra på biblioteklagsmøte av og til. Frå ho starta i 1971 og til 1984 da Tysvær for første gong fekk utdanna biblioteksjef, var arbeidet om lag som før i filialen. Ho kjøpte bøker, merka dei, sette dei i Dewey sitt system ved hjelp av Norsk bokfortegnelse, skreiv ut kort på bøkene som ikkje var kjøpte gjennom Biblioteksentralen osb. Ho forsvarte med suksess innkjøpet sitt av Morgan Kane bøkene (det var voldsomt populære bøker til utlån!) og satsa stort på barnebøker. Da ho byrja, var det ikkje ei einaste barnebok i samlinga. "Det det kunne me ikkje vere bekjent av," meinte Hanna.

Også Gudrun Straum, som vart tilsett i Skjoldastraumen seint på 1970-talet, fortel om stort sjølvstende og lita innblanding frå det nye hovud-biblioteket. Det var elles ikkje noko rart. Med ei opningstid på 12 timar i veka på hovudbiblioteket, der den tilsette også skulle ha ansvaret for Tysværvåg filial i tillegg, hadde ein vel nok med å halde verksemda i gang. Likevel tok ein initiativ ut over det daglege. Det var arrangement for barn, regelmessig vitjing på aldersheimen og andre spredte tiltak for å gjere biblioteket kjent og gje folk dei tenestene dei hadde krav på. Ein skal heller ikkje gløyme bokkassene som framleis var plasserte rundt om i kommuna.

Lånemønster på hovudbibliotek og filialar.

Figur 1 og 2 viser utviklinga i hovudbiblioteket og filialane i tida frå hovudbiblioteket vart oppretta og til ein fekk fagutdanna biblioteksjef i fast stilling. Som ein ser hadde hovudbiblioteket vekst i utlån pr. opningstime gjennom desse ni åra, sjølv om det gjekk lang tid før det kom opp mot Nedstrand i aktivitet. Når ein på figur 2 ser kor flittige folk i verkekrinsen var å låne, teikner det seg eit litt anna bilde. Heilt fram til 1982 var alle krinsane flinkare til å bruke sitt lokale bibliotek enn det innbyggarane i den mest folkerike delen av kommuna var. Det var sikkert fleire grun-nar til det. For det første arbeidde mange i denne delen av kommuna i Haugesund, eller dei gjekk på skule der. Då var det nok meir lettvint å bruke biblioteket der enn det i Aksdal. Haugesund bibliotek hadde mykje lenger opningstid, var vel innarbeidd, hadde større utval og låg sentralt i byen. Til samanlikning var det berre 12 timars opningstid i veka i Aksdal og biblioteket var lite og låg litt isolert, spesielt etter at riksvegen blei lagt om. Biblioteket i Aksdal hadde med andre ord både eit stort vekstpotensiale og store utfordringar.

Nok ei ny biblioteklov.

I 1985 kom den biblioteklova som folkebiblioteka enno arbeider etter. No vart den sterke statlege sentraldirigeringa borte. Kommunene skulle sjølv i mykje større grad få legge opp sin eigen bibliotekpolitikk. Det var ikkje lenger øyremerka midlar til biblioteka, berre rammetilskot for heile kultursektoren. Det var heller ikkje lenger noko ris bak spe-ge-len i form av tapte statlege pengar om kommunene ikkje følgde opp dei detaljerte forskriftene, slik det hadde vore under den forrige lova. Men kommunene var enno pålagde å ha eit folkebibliotek og ein fagutdanna sjef for det, uansett kommunestørrelse.

Den første fagutdanna biblioteksjefen

I 1986 sat Per Qvale og skulle skrive årsmelding for det første heile året sitt som biblioteksjef i Tysvær kommune. Han vart tilsett sommaren 1984 som den første fagutdanna biblioteksjefen i Tysvær. Han legg ikkje skjul på at det var ein nedtur å kome frå Bømlo til Tysvær. På Bømlo hadde han vore med i den same prosessen med å vere den første fagutdanna sjefen og skulle bygge opp eit moderne bibliotek. No skulle han starte prosessen ein gong til. "På kontoret var det ein stol," ler han. "Der skulle eg sitte og der skulle den andre tilsette sitte og i tillegg delte vi stol og kontor med Tysvær Bygdeblad."

Det fall han ikkje heilt lett å skrive denne årsmeldinga og pressemeldinga han skulle ha ut samstundes. Han hadde bestemt seg for å skrive tre positive ting først og så ein ting som måtte rettast på. For, som han seier, det er ikkje nokon som vil satse på noko som ikkje kan peike på framgang. Dersom politikarar og andre folk skal satse på noko, må det framstå som noko som er verd å gå inn for. Difor ville han unngå klaging og krisemaksimering. "Eg var stolt da eg fekk mediaoppslag på alle tre tinga." Det hadde vore kraftig utlånsvekst, bokbilen hadde hatt sitt første driftsår, hovudbiblioteket hadde flytta inn i nye lokaler og det var vedteke at Tysværvåg filial skulle få nye, gode lokaler i gymnastikkbygget ved Tysværvåg skule når dette stod ferdig truleg i 1987.

Ein bil får fart på biblioteket

På ein måte var det utbygginga på Kårstø som gjorde det mogleg å tilsette biblioteksjef i Tysvær. Kultursjef Ingvar Frøyland samarbeidde med utbyggar og deira velferdsavdeling. Ein bokbil ville vere til nytte for heile kommuna. Ikkje minst ville det kome utkantane til gode. Når kommuna i tillegg fekk fullfinansiert bokbilen frå staten og berre skulle betale for drift, var det vanskeleg for politikarane å seie nei. Men ein måtte ha nokon til å kjøre bilen.

Heile sanninga er sjølvsagt ikkje dette. Tysvær måtte før eller seinare ha tilsett utdanna biblioteksjef slik lova kravde, og kultursjefen arbeidde med desse sakene parallelt.

Den nye biblioteksjefen vart sanneleg godt kjent i kommuna! Kvar veke reiste han med bokbilen praktisk talt til kvar ein krik og krok med 14 stopp fordelt på 4 ruter som vart kjørte kvar fjortande dag. Det var god oppslutning om bokbilen desse åra, sjølv om han aldri vart nokon suksess på Kårstøanlegget.

Biblioteklokala

Elles var det nok å ta fatt på for den nye biblioteksjefen da han byrja sommaren 1984. For det første var det sjølve biblioteklokala. For hovudbiblioteket var det von om betring. Her flytta ein inn i det nye kommunehuset alt året etter – i 1985. Det vart betre plass og ei meir sentral plassering. Tysværvåg filial måtte stadig godkjennast for eit par år i gongen, men også her var det von om betring sidan ein var blitt lova plass i det nye gymnastikkbygget på skulen. Slik vart det også. Dei heller triste tilhøva i Skjoldastraumen filial hadde rett nok blitt litt betre etter at romma var fiffa noko opp, men framleis var lokala for små til å verte godkjende. Men også her vart det endring etter at filialen flytte inn i det nye Grendasenteret i 1990. Jamvel Nedstrand filial, som hadde dei nyaste lokala, var for liten for aktivitetsnivået, meinte bibliotek-sjefen i 1984. På denne filialen vart det inga endring.

Bemanning og opningstider

Biblioteksjefen peika i 1984 elles på den generelle samfunnsutviklinga med stadig større behov for kunnskapar i eit meir komplisert og høgtek-nologisk samfunn. Det vart også fleire pensjonistar og meir fritid for alle. I tillegg framheva han biblioteka si rolle som informasjonsformidlarar i ei ny mediaverd. Dette kom til å krevje meir av biblioteka. Også biblioteket i Tysvær merka auka etterspurnad etter tenester. Det vart fleire utlån og fleire lånarar. Lita bemanning og korte opningstider både på hovudbiblioteket og på filialane var difor "ei belastning", som biblioteksjefen uttrykte seg. Han minte i 1987 om at bemanninga i Tys-vær svarte til ei stilling pr. 3.312 innbyggar. Fylkesgjennomsnittet var 2.207 pr. stilling og rettleiande normer frå Statens bibliotektilsyn var på 1.500 innbyggarar pr. stilling.

Det vart betre. Da Per Qvale byrja i 1984, var det til saman 2,42 årsverk ved biblioteket (ein på heiltid og fire på deltid), i 1992 var det auka til 3,38 årsverk (ein på heiltid og seks på deltid). Opningstida i 1985 var 12 timar på hovudbiblioteket, 5 timar i Tysværvåg og Skjoldastraumen og 7 timar i Nedstrand. Alle stader var det ope 42 veker i året. I 1992 var det på hovudbiblioteket 25 timar opningstid i veka, 52 veker i året. I tillegg var filialane framleis opne 42 veker i året, og kvar av filialane hadde ope ein time meir i veka.

Innkjøp

Den nye biblioteksjefen sette også i gang med å fornye bokstammen. Mykje av bokstammen var forelda og der var "hol". Barnebøker var det også lite av i høve til kor flittige barna var til å låne (i 1985 var over 45 % av samla utlån barnebøker). Dessutan skulle barn og unge vere satsingsområde for biblioteket. Difor byrja ein målmed-vete å kjøpe inn fagbøker og barnebøker. Ein satsa og spesielt på å kjøpe inn og marknadsføre lettlestbøker for barn med lese og skrivevanskar.

Lydbøker var også byrja å kome på marknaden. I starten var det berre Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek som laga slike bøker. Dei var få, og skulle reserverast til blinde og svaksynte. Men så oppdaga forlaga marknadspotensialet i desse bøkene og byrja gje ut slike bøker sjølve. Lydbøkene vert no meir og meir populære på biblioteka. Ein kjøpte også inn språkkurs og instruksjonsfilmar for video og det vart straks populært. Ja, biblioteksjefen var jamvel på kurs om teikneseriar, og ein såpass forakta del av populærkulturen vart endeleg teke på alvor også av biblioteka.

Arbeidet med eit lokalhistorisk arkiv på biblioteket kom og i gang. Foto-grafi og lokalhistorisk materiale av ymse slag fell ofte mellom mange stolar i arkivvesenet. "Det var noko av ein kjepphest for meg å vere med å ta vare på dette," seier Per Qvale. Dei tok fatt både med klipparkiv, oppbevaring av foto og dokument.

Frå blyant til dataskjerm

Det aller største steget som vart teke i Per Qvale sine sju år på sjefsstolen i Tysvær bibliotek, var likevel at biblioteket innførte datateknologien.

Den noverande biblioteksjefen, Aud Grimstveit, fortel slik om korleis det var å arbeide i bibliotek frå 1970-åra:"Det tekniske hjelpe-middelet i biblioteket var skrivemaskina. Dei minste biblioteka hadde ikkje ein gong såpass, og det var ikkje sjølvsagt at maskina var elektrisk. Biblioteksentralen leverte ferdig trykte katalogkort. Til bøker som vart kjøpte elles, måtte hyllelistekort skrivast og kopierast manuelt til nedsetting på forfattar, tittel og eventuelt emne i kortkatalogen. Skrivemaskinene vart meir avanserte etter kvart. Eingongsband gav finare trykk, rettetast gjorde verda enklare dersom ein ikkje skreiv med gjennomslagspapir. Tidleg på 1980-talet kom dei store, avanserte skrivemaskinene med små internminne. Da kunne katalogkort skrivast inn i minnet og kopierast.

Mangfaldiggjering av ulikt materiale vart gjort manuelt eller ved bruk av gjennomslagspapir i skrivemaskina. Nokre bibliotek hadde tilgjenge til spritduplikator og svertestensilmaskin. Utover i 70-åra kom dei første kopieringsmaskinene."

Per Qvale hugser at han skreiv eit forslag til framdriftsplan for innføring av data i biblioteket ein torsdag og fekk eit prinsippvedtak måndag. "Biblioteket har alltid vore ein slag kommunal blindtarm. Eg visste at dersom vi skulle henge med, måtte vi vere tidleg ute, elles hamna vi gjerne langt bak i køa," forklarer han. Han meiner biblioteket var den eininga i Tysvær kommune som var først ute med ein samla plan om overgang til data. Den kom i 1988. I 1992 var heile tilbodet på biblioteket, inkludert alt på filialane, lagt inn på data. Dei var først ute i Rogaland. At så små filialar som dei i Tysvær var med så tidleg trur Aud Grimstveit var nokså eineståande også i landssamanheng. Sjølv seier Per Qvale at han vart svært impo-nert over personalet i denne prosessen. Dei hadde ikkje erfaring, men gjekk inn med liv og lyst - praktisk talt frå blyant til dataskjerm. Tysvær henta elles både hjelp og opplysningar frå det arbeidet som Stavanger bibliotek alt hadde gjort. Det vart tilsett ein i halv stilling for å legge alle dei nær på 40.000 binda inn på data. Elles var det eit stort arbeid berre å få lagt på strekkodar på alle bøkene.

"Eg hadde tenkt å kaste det gamle kortkartoteket med brask og bram, gjerne med ordføraren til stades. Men så kasta eg det ein dag eg var åleine," fortel Qvale. Dei tilsette vart forskrekka, ein trudde liksom ikkje heilt på datamaskinene enno.

Eit tilbakeblikk

"Som sjef la eg stor vekt på god planlegging og å kome med vel begrunna forslag," seier Per Qvale. "Det gjeld å ikkje drøyme seg bort, vere innstilt på å gå med små skritt, men ha klare målsettingar. Eg la elles vekt på å sette opp skikkelege budsjett og halde budsjettrammene. Det var og viktig å følgje tenesteveg. Slik får ein tillit, og det er viktig når ein vil bygge opp noko. Så ville eg vi skulle vere synlege - både internt og mot publikum. Vi kontakta media når vi hadde arrangement, og eg synest også vi fekk god respons.

Skal eg framheve to ting som eg er spesielt glad for å ha vore med på, må det bli at vi sette fokus på tilboda til barn. Det er når barna er små dei må lære seg å bli fortrulege med bøkene og det trykte ordet. Tilbodet om lettlestbøker var også svært viktig i den samanhengen. Det andre eg vil nemne, er at eg fekk vere med å planlegge det nye kulturhuset og biblioteket sin plass i det. Vi tenkte oss biblioteket som hjartet i huset. Det skulle vere ope og lett å kome inn i, og det skulle også vere ope og aktivt når andre tilbod kanskje var stengt for dagen."

Hjartet i kulturhuset?

"Eg søkte stillinga her av di eg syntest det var moro å vere med å bygge opp eit slikt kulturhus," seier Aud Grimstveit.

Kulturhuset med det nye biblioteket vart opna i 1993. Biblioteket har ved årtusenskiftet omlag fire og ei halv stilling. Knapt ei halv stilling er knytt til filialane. Det er tre fagutdanna bibliotekarar i heil stilling og tre deltidstilsette utan fagutdanning. For dei av innbyggarane i kommuna som av ulike grunner ikkje sjølve kan kome til biblioteket, har ein oppsøkjande teneste. Elles er samarbeidet mellom hovudbiblioteket og filialane tett. Ei ordning med sirkulasjon av bøker mellom filialane og hovudbiblioteket gjer det mogleg med eit breiare utval av titlar i kommuna som heilskap.

På hovudbiblioteket er det frå hausten 2000 49 timar opningstid kvar veke. Biblioteket i Tysværtunet kulturhus fungerer som sentrum i huset. Her er det sentralbord for huset, her sel ein billettar til arrangement og hit kan folk vende seg med spørsmål. Dei lange opningstidene på ettermiddagen gjer at folk "droppar innom" biblioteket meir enn før.

Biblioteket har dei to siste åra kome seg "på nettet", og i Aksdal har ein to dataterminalar til bruk for publikum. Her kan folk sjølve finne fram til bøkene dei vil ha i samlinga i Tysvær eller andre bibliotek i landet, eller dei kan skrive, surfe på nettet eller spele nokre av biblioteket sine dataspel. Mest 450 lydbøker, nesten 1000 CD-ar og mest 200 filmar på video og ei mengd tidsskrift og aviser høyrer med til tilbodet.

Ein må utan tvil kunne seie at biblioteket sentralt plassert i dette all-kulturhuset har vore ein suksess. Utlånet har auka (frå 17.022 media i 1992 til 31.500 i 1999), og biblioteket er meir synleg for langt fleire menneske i kommuna.

Nedbygging av det desentraliserte tilbodet

Samstundes har det, no som bibliotekvesenet i Tysvær rundar 200 år, vore ei nedbygging av det desentraliserte tilbodet i kommuna. Både bokbilen og filialen i Tysværvåg vart lagde ned til sommaren 1999. Skjoldastraumen filial vart berga av politiske vedtak, men lånetala er framleis dårlege. Både besøka i bokbilen og nedgangen i utlånet på dei to filialane har gått over det siste tiåret. For bokbilen vart det eine stoppet etter det andre lagt ned av mangel på publikumsinteresse. Ein grunn til det er nok at folk er meir mobile no enn da ruta starta og at dei heller reiser til dei større bibliotekeiningane.

Henny Tysvær, som var den siste som arbeidde på filialen i Tysværvåg, meiner at den store nedgangen i utlånet der kan skuldast at bygdefolket er så ofte i Aksdal, og der får dekt behovet for bibliotektenester. Nærleiken til Aksdal kan og vere noko av grunnen til at bygdefolk i Skjoldastraumen også er mindre interesserte i filialen sin.

Nedstrand

Vi starta i Nedstrand og skal slutte der. Filialen har sidan 1973 vore ei suksesshistorie med jamt svært høge lånetal, over sju bøker (media) pr. innbyggar i året. Både landsgjennomsnitt og kommunegjennomsnitt er fem bøker (media). Lokala er dei same som vart tekne i bruk i 1973. Rommet vart den gongen godkjent for 3.300 bind, no er det over 7000. Opningstida, 8 timar i veka, er den same som Per Qvale fastsette i 1980-åra. Andre tilbod, som til dømes internettilgang for publikum, er her ikkje. Likevel slutter folk opp om filialen sin. Det skuldast nok delvis at det er langt til Aksdal frå Nedstrand. Ein svært viktig grunn er at filialen ligg på skulen og at skulen har vore svært aktiv når det gjeld å bruke han. Mellom anna kjøper skulen biblioteket sine tenester 5 timar for veka. Og ein skal også ta med at filialen har hatt to dyktige og utadvendte leiarar i Hanna Helle og Laila Helle.

Hinderåvåg, der biblioteket ligg, har vakse seg til eit senter i Nedstrand, med skular, butikk, kyrkje og bygdehus. No kjem det såkalla Nedstrandstunet med både aldersheim og barnehage. I slike omgjevnader skulle biblioteket ha eit godt potensiale til trivsel og vekst i åra framover.

Oppsummering

Gjennom 200 år med bibliotekdrift har Tysvær vore gjennom ei utvikling som, med lokale variasjonar, nok har store likskapstrekk mange andre stader i landet. 1800-talet var dei individuelle initiativa sitt hundreår. På 1900-talet var det staten som både var initiativtakar og ideologiprodusent. Særleg frå 1970-åra har utbygging og vekst i folkebiblioteka over heile landet vore svært stor. Det har mange grunner. Landet er rikare, skulevesenet vert meir og meir viktig, informasjonsmengda større. Men ein svært viktig årsak var også ei sterk statleg styring som tvang kommunene til å bygge ut folkebiblioteka sine til meir profesjonelle institusjonar. Folkebiblioteka har gjennom det siste hundreåret vore den viktigaste og mest stabile kulturinstitusjonen for vanlege folk i dette landet. Rett nok var det mange stader ikkje rare greiene, og det var kanskje ikkje heller brukt av så mange, men det var der. Og det var – og er – gratis for alle. Hundrevis av folkebibliotek over heile landet dannar også eit eineståande nettverk som utvekslar bøker og anna informasjon til alle innbyggarane i landet. Slik har biblioteka vore, og er, ein viktig lekk i demokratiet. Det er difor svært viktig, både for sentrum og periferi i landet, kva for bibliotekpolitikk som vert ført også i framtida.

Figur 1. Utlån  pr. time opningstid 1976-1984

Figur 2. Veksten i talet på bøker (bestand) og utlån 1972-1999


1. To hundre år er lang tid. Med den tida og dei kjeldene eg har hatt til disposisjon har eg berre kunne skrape overflata i dette store temaet. Noverande Tysvær kommune (frå 1965) er samansett av dei tidlegare kommunene Nedstrand og Tysvær, halve Skjold og delar av Vikedal, Vats og Avaldsnes kommunar. Alle desse kommunene hadde eigne folkebibliotek før kommunereforma. Eg har ikkje oppsøkt dei nye kommunene for å sjå kva dei kunne ha om bibliotekutviklinga i kvar enkelt av dei gamle kommunene. Dei første leseselskapa gjekk dessutan etter soknegrenser og dei har også endra seg dei siste 200 åra. Eg har difor avgrensa kildesøket til det noverande Tysvær kom-mune har i sitt arkiv og dessutan stødd meg til bind 8 og 9 av Tysværsoga. Den går ikke lenger fram enn til 1920. Sjå elles liste over kjelder og litteratur. Når ikkje anna er oppgjeve er opplysningane tekne frå årsmeldingar, statistikk og korrespondanse i biblioteket sitt interne arkiv. Der ikkje anna er sagt er opplysningane om det første biblioteket i Nedstrand teke frå protokollen i Statsarkivet i Stavanger.

2. Annaniassen s.18

3.   Annaniassen s.17

4.   Opplyst i manus til tale frå bibliotekleiar Per Qvale frå 1985

5.   Seinare protokoll for Nedstrand bibliotek til 1964

6.   Langhelle b.8 s.461

7.   Langhelle b.8 s.470 og b.9 s.364

8.   Langhelle b.9 s.363-406

9.   Langhelle b.9 s.421

10.   Langhelle b.9 s.421

11.   For den religiøse vekkjinga sin verknad både på tilhøva til prestane og endra hald-ningar til kvardagsliv og "det timelege, sjå den gode framstillinga i "Frå opprør til hegemoni" i Langhelle b.9 s.171-237

12.   Annaniassen m.f.1999 s.23

13.   Annaniassen m.f. 1999 s.26

14.   Det var truleg og andre initiativ på same tid. Til dømes skal det vere ei bokliste frå gamle Tysvær kommune. Boklista skal gå frå 1859 til 1879 og skal vere på kommu-nearkivet i noverande Tysvær kommune, etter lista på kommunehuset, men protokollen har ikkje vore å oppdrive.

15.   Langhelle b.9 s.422

16.   Langhelle b.9 s.423

17. Langberg, K.A; Esmarc-Olson, L. (red) Norsk medisinallovgiving 1672 – 1880. Kristiania 1881

18.   Langhelle b.9 s.422

19. Opplysningane i denne bolken er frå Langhelle b.9 s.421-423 og protokollen for Nedstrand folkebibliotek

20. NOU 1991 s.33

21.   NOU 1991 s.33

22.   NOU 1991 s.34

23.   Annaniassen s.61

24.   På Kvam, Nedstrand, Vassendvik, Muslandsvåg, Espevik og Neset

25. Ringdal 187-193 og Annaniassen 92-97

26.   Annaniassen s.92

27.   Statens sine løyvingar hadde auka frå 90.000 kroner i 1935 til 2.1 mill. i 1954. Dei lokale løyvingane hadde tidobla seg frå 54.000 i 1935 til 1954. Annaniassen s.128.

28.   Med det er meint at det stort sett ikkje er protokollar eller årsmeldingar eller lik-nande etter disse biblioteka fram til 1972. I dette arbeidet har det t.d. ikkje vore tid til anna enn små stikkprøver i ulike formannskapsprotokollar. Her er det nok meir stoff å finne. Og med meir tid er det nok mogleg at det er kopiar av årsmeldingar i Statens bibliotektilsyn i Oslo.

29.   Å døme etter budsjettoppsettet frå nokre stikkprøver i formannskapsprotokollar for dei tre kommunene som er representerte på Tysvær kommunearkiv. Minstesatsane frå 1955 var 50 øre pr innbyggar og det heldt nok svært mange av kommunene seg på.

30.   I budsjettet for Skjold 1949/50 er det på posten "Bibliotek og boksamlingar" sett opp 1.500 kroner til "stipend skulegang". Ein høg sum når ein ser at totalbudsjettet for biblioteket var på 650 kroner.Men kven og kva desse pengane skulle brukast til, har denne skribenten ikkje hatt tid til å finne ut.

31.   Kursa vart gjort pr. korrespndanse gjennom NKS og bestod av 7 brev. I tillegg fekk dei 14 dagar på Hallingdal folkehogskole på Gol. Her var det bibliotekfolk frå heile landet, gode forelesarar og masse praktiske øvingar, fortel H.Helle

32. Annaniassen s.177-179

33.   Annaniassen s.195

34. Fra 1971 til 1972 auka statens utgifter til folke- fylkes- og skolebibliotek fra 9,1 til 30.7 mill. kroner! Annanissen s.185

35.   Annaniassen s.237-248

Kjelder og litteratur:

Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon 1985

Aftenposten 20.05.2000

Annaniassen, Erling og Vestheim, Geir 1999 Bok over land. Trekk ved Statens bibliotektilsyns historie Tano Aschehoug

Langberg, K.A; Esmarc-Olson, L. (red) Norsk medisinallovgiving 1672 – 1880. Kristiania 1881

Langhelle, Svein Ivar 1997 Tysvær. Slik levde dei fram til 1820 Tysvær bygdebok bind 8. Dreyer

Langhelle, Svein Ivar 1997 Tysvær. Slik levde dei frå 1820-1920 Tysvær bygdebok bind 9. Dreyer

NOU nr.14 1991 Bibliotek i Norge

Protokoll for Selskabet til Oplysnings og gode Sæders Udbredelse i Stiernerøe Sogn 1800-1964. Her kalla "Protokoll for Nedstrand folkeboksamling". Statsarkivet i Stavanger.

Ringdal, Nils Johan 1985 By, bok og borger. Deichmanske bibliotek gjennom 200 år. Aschehoug

Kommunearkivet i Tysvær:

Stikkprøver i møtebøker for formannskapet i Tysvær, Skjold og Nedstrand

Utlånsprotokoll for Hinderå sogns almuebibliotek

Tysvær bibliotek sitt eige arkiv:

Først og fremst årsmeldingar, systematisk frå 1972.

Samtalar med:

Trygve Baustad

Ingvar Frøyland

Anna Gjerde (sitat i teksten frå hennar oppgåve om bibliotek på NKS sitt kurs i 1974)

Aud Grimstveit

Hanna Helle

Laila Helle

Torunn Kringeland

Per Qvale

Gudrun Straum

Henny Tysvær

Sist oppdatert: 28.11.2000